Hei igjen og takk for sist. Det var ein fin haustsamling på Nytun i Vakre Valdres.
Det er igjen på tie at vi set oss ned og finn ut kvar vi står i denne prosessen som skulen no er inne i.
Vi har vald læringsplattform, og landa då på It`s learning for heile kommuna. Den har vi no så smått byrja å ta i bruk. vi er framleis på øvestdiet. Vi har og vore ute på studietur til Luster kommune, fyrst falt dette saman med eit personalseminar, sia har ei gruppe frå alle skulane i Vang vore tilbake og sett på dei løysingane dei har kome fram til der.
Der har dei blandt anna kjøpt inn lisensar på læreprogram og legge dei ut på læringsplattforma, slik at alle skulane i kommuna kan dra nytte av programmet. Dette var ein god idè vi vurderer å adoptere.
Vi er i gang med nytt datarom på skulen med 30 arbeidsstasjonar. VI har fått tips om gode databord, og desse vert montert kort tid etter haustferien, så no har vi snart ikkje fleie orsakingar for ikkje å koma igang....
Skulen har og vore inne i ein omfattande byggeprosess, men ser no enden på dette. Skulen vil snart framstå i ny drakt både i utsjåande og i innhald.
Ha ein fortsatt fin haust til vi sjåast på neste samling.